Bli refleksambassadør

Har du lyst til å vera relfeksambassadør? Dele ut refleksar til flest mogleg slik at det blir tryggare for både gåande og køyrande langs vegane i Hjelmeland? 

Du kan dele ut refleks på barna (eller barnebarna) si trening, langs vegen på tur i bygda di, utanfor ein butikk eller ved skulevegen. Det er opp til deg og din fantasi, men me treng folk til å hjelpe oss med å ditribuera refleksane til folket! 

Meld deg på til Frivilligsentralen innan 11. oktober 2024.

Refleksane hentar du i Frivilligsentralen sine lokale i Hjelmelandsvågen innan relfeksdagen som er 17. oktober 2024. 

I år er det Nico Widerberg som har designa refleksane for Trygg Trafikk.

Dette er en viktig jobb jeg ønsket å være med på, seier Widerberg.

Du kan lese meir om årets refleksdesignar på Trygg Trafikk sine nettsider.