Demensprisen 2024

Demensprisen 2024

Nasjonalforeningen i Rogaland kan årleg dela ut ein demenspris. 
I år er det eit bilete laga av kunstnaren Inger Dale Flatebø.

Kriterium for prisen

  • Demensprisen skal gå til ein «kvardagshelt» som kan vera ein enkeltperson, ei gruppe menneske eller ei eining som til dømes ein institusjon, eit dagsenter eller ei avdeling.
  • Demensprisen er ein honnør til ein innsats utanom det vanlege. Det kan vera enkeltindivid som gjer eit stort uformelt og frivillig arbeid i det stille, eller offentleg verksemd som gjennom sitt virke legg fram nytenking og engasjement på ein respektfull og inkluderande måte som kjem både demenssjuke og pårørande til gode, til dømes eit dagtilbod eller ei sjukeheimsavdeling tilrettelagt for personar med demens.
  • Prisen kan ikkje tildelast eigne og noverande tillitsvalde i Nasjonalforeningen.

Tips om aktuelle kandidatar med grunngiving sendast innan 20. mai 2024.
Nasjonalforeningen, Fylkeskontoret for Rogaland, Torgvegen 15 A, 4016 Stavanger, eller e-post: rogaland@nasjonalforeningen.no