Nasjonalforeningen i Rogaland kan årleg dele ut ein demenspris. Prisen er eit bilete av kunstneren Inger Dale Flatebø.
Kriteria for prisen er:
- Demensprisen skal gå til ein «kvardagshelt» som kan vera ein enkeltperson, ei gruppe menneske eller ei eining som for eksempel ein institusjon, eit dagsenter eller ei avdeling.
- Demensprisen er ein honnør til ein innsats utanom det vanlege. Det kan vere enkeltindivid som gjer eit stort uformelt og frivillig arbeid i det stille, eller offentleg verksemd som gjennom sitt virke fremviser nytenkning og engasjement på ein respektfull og inkluderande måte som kjem både demenssjuke og pårørande til gode, for eksempel eit dagtilbod eller ein sjukeheimsavdeling tilrettelagt for personar med demens.
- Prisen kan ikkje tildelast eigne og nåverande tillitsvalgte i Nasjonalforeningen.
Tips kan sendast
Tips om aktuelle kandidatar med begrunning sendast innan 15. mai 2025 til:
Nasjonalforeningen,
Fylkeskontoret for Rogaland,
Torgveien 15 A,
4016 Stavanger,
eller e-post: rogaland@nasjonalforeningen.no
Publisert 15.04.2025 07.54
Sist endra 25.03.2025 11.00