Husk fristane utover hausten

Hausten er tid for å søke om spelemidlar, Hjelmelandslegatet, levere inn kodane i Kodejakta, samt komme med forslag til Kulturpris og Hjelmelandspris. 

Spelemidlar

Du kan søke om spelemidlar til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet med stort brukspotensial, samt nærmiljøanlegg.

Søknadsfristen er 20. oktober 2024. 

Les meir om spelemidlar.

Kodejakta 

Hugs at kodane må vera hos oss innan 13. oktober 2024

Du kan sende kodane med namnet på staden du fann dei til postmottak@hjelmeland.kommune.no 

Les meir om kodejakt.

Hjelmelandslegat

Kvart år kan det søkast om midlar frå Hjelmelandslegatet. Det er berre ein tildelingsrunde i året, med søknadsfrist 31. oktober 2024.

Les meir om kven som kan søke og korleis du går fram.

Kulturpris og Hjelmelandspris

Kvart år deler kommunen ut Kulturprisen og Hjelmelandsprisen. Frist for å kome med forslag er 1. november 2024.

Formannskapet deler ut kulturpris til personar, lag eller oganisasjonar som har gjort ein stor og verdifull innsats for kulturlivet, eller gjennom frivillig innsats vore ei eldsjel for lokalmiljøet i Hjelmeland kommune.

Kommunen ønsker å heidre ein person, organisasjon, bedrift eller liknande som har profilert kommunen gjennom næringstiltak, eller andre engasjement som profilerer Hjelmeland kommune på ein positiv måte ved å dele ut Hjelmelandsprisen.

Les meir om kven som har vunne før og send inn forslag.