Kunstprosjekt på utsida av Spinneriet

Det er ei glede å kunne presentera verket Wind Speed 75 Knots frå serien Scene/Unseen av amerikanske Linda Simmel for fastbuande og tilreisande i Hjelmeland kommune. Kunstverket er montert utandørs på veggen til kulturhuset Spinneriet i Hjelmelandsvågen.

Hav, sprut og bølger - Klikk for stort bilete

Linda Simmel er fødd og oppvaksen i Los Angeles, California, og har sidan barnsbein vore fasinert og tiltrukken av havet og den åpne horisont. Som lita brukte Linda Simmel havet som peilemerke og orienterte seg ut frå det. Ho visste alltid kvar vest var. Fasinasjonen blei ytterlegare understreka av at havet for foreldra hennar var synonymt med fridom
og liv. Dei kom i 1938 som innvandrarar til USA frå Tyskland.

For Linda Simmel rommar havet uutgrunnelege løyndomar slik tomme og opne landskap også gjer. Havet er den grenselause kropp med kontinuerlege skift som inneheld både det uendelege og det ukjende. Det er ein overgangsstad som ligg mellom nye og gamle verdenar. Det er den opne grensa kor alt er muleg og som tilbyr eit møte med noko som er større enn ein sjølv, men som også kan vekka og etterlata ein med ei djup form for draumar og lengsel. 

Kunstverket Wind Speed 75 Knots er skapt på grunnlag av undervisningsbilde frå den amerikanske kystvakt. Bilda brukar dei for å rettleia og utdanna sjøfolk om korleis havet skikkar seg under forskjellige vindforhold.

Verket er utført i grafikk, fotopolymer djuptrykk, og kan umiddelbart minna om eit stort fossefall, men viser kraftig vind over bølgetoppar på det åpne hav. Eit fenomen som er ein del av havet sine mange ansikt og kan få ein til å kjenna isnande kulde ein varm sommardag. Det understrekar vêrtypen viss storm og uvêr herjar eller får ein til å reflektera over havet, himmelen eller det opne landskap sin innverknad på vårt sinn og eksistens.

Linda Simmel er utdanna ved University of California, Berkley, San Francisco. Hennar kunstpraksis inkluderer maleri, teikning, foto og grafikk. Ho har ein mangeårig utstillingspraksis bak seg, både nasjonalt og internasjonalt, og har gjennomført fleire residensopphald i USA, Tyskland og Island.
Ho er representert i fleire nasjonale samlingar og museum.

Linda Simmel bur og arbeidar i Sonoma, California, USA.

Prosjektet NATUR-kultur-NATUR er realisert med støtte frå Rogaland Fylkeskommune, Hjelmeland
kommune og Ryfylkefondet.

Kurator Nils Viga Hausken