Kurs i belastningsmestring

Kjenner du kanskje på eit sprik mellom krav og forventningar til deg i kvardagen, som du opplev å ikkje mestre på ein god måte? No startar me opp med kurs i belastningsmestring (KiB). Kurset passar for deg som står i eller har erfaring med belastning, det kan vera i både arbeids- og privatliv.

Belastningar som er så omfattande, at du ikkje er i stand til å mestre dei på ein måte som du sjølv opplev som akseptabel, kan gje stressreaksjonar. Du kan kjenne på: 

  • Følelsesmessige endringar - fråvær av glede, engstelse, uro, irritabilitet
  • Fysiske - mindre energi, søvnproblem, smerter, 
  • Kognitive - bekymringstankar, tankar om eigne manglar, håplausheit 

Kurset tek sikte på å læra deg metodar og teknikkar som du kan bruke i møte med belastningar.

Det er ikkje gruppeterapi og du treng ikkje å dela det du syns er utfordrande. 

Påmelding

Kurset startar opp torsdag 17. oktober klokka 13-15.30 i Hjelmelandsvågen. 

Kurset kostar 500 kroner som dekkar kursmateriell du får utdelt. 

Du kan melde deg på til 

  • Ann Mari Velde på telefon 404 39 087 eller 
  • Ingvild F. Egeland på telefon 404 39 075