Kva vil du fylle tida di med?

Har du tenkt på korleis du ønskjer at livet ditt som pensjonist skal sjå ut? Det kjennest kanskje lenge til no. Men dei som trivst som pensjonist har oftare planlagt kva dei skal gjere når dei er ferdige med å jobbe.

To turgåarar som drikk kaffi ved vatnet - Klikk for stort bilete planleggelitt.no

Så kva vil du bruke tida di på når du ikkje lenger er i arbeid? Kanskje du allereie har nokre hobbyar du vil halde fram med å dyrke – eller prøve ut nokon nye? Eller kanskje du vil bruke tida og kompetansen din i frivilligheita? Og kva med det sosiale? Har du vener og familie som du har lyst til å bruke meir tid med – eller kanskje du har eit mål om å bli kjent med nye menneske?

Kanskje er det i dag du for alvor skal byrje å planleggje framtida di. Så veit du kva du kan sjå fram til.

Gode relasjonar

Når vi har menneske rundt oss som vi bryr oss om, og som bryr seg om oss, kjenner vi oss tryggare og gladare. Faktisk viser forsking at å ha gode sosiale relasjonar er viktigare enn den positive effekten du får av både trening og sunt kosthald til saman.

Når du er ferdig med å jobbe, har du meir tid til å gjere dei tinga du alltid har hatt lyst til – men kanskje færre å bruke tida saman med.

Det krev noko av oss å bli kjent med nye menneske, og mange synest det er vanskeleg å ta initiativ til kontakt. Her er nokre tips til korleis du kan etablere nye kontaktar.

  • Kom deg ut! Gå ein tur i nærområdet kvar dag, hels på naboane, og kanskje ta deg ein kaffi på kaféen i nærleiken. Etter kvart vil du garantert møte på dei same menneska fleire gongar, samtalane kjem naturleg i gang, og du blir kjent med nye folk.
  • Meld deg inn i foreiningar eller delta på kurs eller aktivitetar der du kan møte andre med liknande interesser, som målarkurs, matlaging eller gruppetrening.
  • Meld deg inn i lokale grupper på Facebook – her kan du følgje med på kva som skjer i nærområdet. Kanskje du får tips til aktivitetar du kan delta på, eller ser at det er behov for frivillig arbeid der du kunne tenkje deg å bidra?
To som smilar til kvarandre på hausttur i skogen - Klikk for stort bilete planleggelitt.no

Lær heile livet

Det å ha noko som skjerpar både hovudet og kroppen er bra for deg. Når du lærer noko nytt, blir det danna nye koplingar i hjernen. Det kan hjelpe fastlåste mønster, vanar og tankar over i eit nytt spor, samstundes som det bidreg til å gje deg meir glede og sjølvtillit. 

Det speler inga rolle kva du lærer, det er at du lærer noko som er viktig. Du treng ikkje lære deg noko vanskeleg, som eit nytt språk – berre det å prøve ei ny oppskrift eller lese meir om noko du allereie er interessert i, kan vere nok.

I tillegg til gode relasjonar og mental trening, er det fleire ting som kan bidra til at du trivst som pensjonist. Her er nokre spørsmål du kan stille deg sjølv om korleis du ønskjer at tida etter avslutta yrkesliv skal vere:

  • Er det noko du alltid har hatt lyst til å lære, som du ikkje har tid til medan du er i full jobb? Til dømes eit nytt handverk, ein morosam hobby, eller eit nytt språk?
  • Er nettverket ditt og meistringskjensle i kvardagen tett knytt opp til yrkeskompetansen din og jobben du har i dag? Kanskje er det lurt å sjå etter frivillig arbeid eller foreiningar knytte til det?
  • Er du sosial av deg og ønskjer å bruke mykje tid i sosiale settingar, som kafébesøk, middagar med vener eller liknande? Kanskje du kan ta initiativ til faste avtalar med eit knippe vener, til dømes å møtast til lunsj ein gong i veka?
  • Er det nokre fysiske aktivitetar eller treningsformer du trivst med? Å røre på seg er minst like viktig når du blir eldre. Å finne ein aktivitet du synest er moro er viktig for både helse og trivsel.