Menn i helse

Me er på leit etter menn mellom 19-55+ som kan vera interessert i å ta fagbrev som helsefagarbeidar. 

Informasjonsmøte

Det skal vera eit informasjonsmøte i januar i Stavanger om du vil høyra meir om “Menn i helse”. Me er nok fleire som køyrer frå Hjelmeland om du vil sitta på. Meld deg på mennihelse.no og gje beskjed til NAV leiar Jorunn Foss på tlf. 412 87 986 om du vil sitte på. 

Les meir om Menn i helse.

Oppstart og utdanningsløp

Oppstart er tenkt rundt påske 2025.

Det er eit toårig vekselløp mellom skule og praksis, der målet er å ende opp med fagbrev som helsefagarbeidar. Hjelmeland kommune har avtale om to helserekruttplassar på omsorgssentra våre.