Oppstart av planprosess - Kommununedelplan for naturmangfald

Hjelmeland kommunestyre har vedtatt Planprogram for kommunedelplan naturmangfald (PDF, 2 MB). Det betyr at sjølve planarbeidet nå startar.

Vedtaket blei fatta i kommunestyremøte den 12.september 2024 i sak 65/24

Det vedtekne planprogrammet er ei slags  “kokebok” for korleis sjølve planen skal utarbeidast og kva ein skal prioritere.

Hovudmålet med Kommunedelplan for naturmangfald er å få ein heilskapleg oversikt over verdifulle naturområde og artar i Hjelmeland kommune. Planen skal vera eit grunnlag for å styrke kommunen sitt arbeid med å ivareta naturverdiane, skape engasjement og auke kunnskapen

Grendevise folkemøter

Ein viktig del av planprosessen er at kommuneleiinga vil rundt i alle dei 7 krinsane for å informere om pågåande planarbeid, herunder arbeid med naturmangfaldplanen.  A

Alle møta startar kl 18.00 og varer eit par timar, og “kjøreplanen” er slik: 

  • 4.  november     Vormedalen grendahus
  • 5.  november     Jøsneset grendahus
  • 11.november    Fjordahuset Jøsenfjorden
  • 12. november   Årdal omsorgsenter
  • 13. november   Randøy grendahus
  • 20.november    Kommunestyresalen Hjelmeland
  • 21.november    Fister skule


Kva er naturmangfald ?

Eit viktig siktemål ved planarbeidet er òg å formidle kunnskap om natur.  
Ta gjerne turen til Vågastova i Hjelmelandvågen 6.november:  
Foredraget SKOGEN -om trær, folk og 25 000 andre artar v/biolog Anne Sverdrup-Thygeson
 

Kom med innspel til planen

På dei grendevise møtene vil me informere om korleis du kan kome med innspel, og kva me ønskjer innspel om til naturmangfaldplanen.  Me oppmodar om å vente litt til det blir gitt meir informasjon om planarbeidet. 

Men du kan sjølvsagt òg kome med innspel allereie nå.  Då er det smart å ta ein kikk i  vedtatt planprogram (PDF, 2 MB)   Då får du vite meir om kva kommunestyret har lagt vekt på og litt om kva planarbeidet går ut på.

Send innspel til Kommunedelplan for naturmangfald

Frist for innspel er 15.desember 2024.

Koordinator for planarbeidet

Rådgjevar Torborg Kleppa, torborg.kleppa@hjelmeland.kommune.no, 404 39 123.