Sosialrådgjevar og familierettleiar

Dei som har ungar i skulealder har kanskje fått med seg at me har tilsett Elly Halsne i stillingane som sosialrådgjevar 50 % og familierettleiar 50 %. Ho har for tida kontor på helsehuset, men er mykje av tida rundt om på skulane i kommunen vår. 

Profilbilete av Elly Halsne - Klikk for stort bilete

Sosialrådgjevar

Stillinga som sosialrådgjevar hos oss har utspring i opplæringslova § 16-2, der det mellom anna står at kommunen skal sørgje for at elevar i grunnskulen får den rådgivinga som dei treng om sosiale og personlege forhold som kan ha innverknad på korleis dei har det på skulen. 

Dette kan gjelde problem rundt opplæringa, inkludert utfordringar rundt motivasjon, læringsmiljø og det sosiale på skulen. Sosialrådgjevar samarbeider tett med dei einskilde skulane i kommunen, og kan bidra med oppfølging, observasjon i klassar, vere ein sparringspartnar med lærarar, delta i samarbeidsmøte med meir. 

Rådgjevinga må sjåast i samanheng med det tette samarbeidet som allereie er godt etablert med skulehelsetenesta i kommunen. 

Særlege ansvarsområde for sosialrådgjevar er å bidra til å sikre gode overgangar mellom dei ulike utdanningsløpa i kommunen, frå barnehage til skule, og frå barneskule til ungdomsskule.

Familierettleiar

Stillinga som familierettleiar er ei prosjektstilling som ligg under skulehelsetenesta, med kontor på Helsehuset. Føremålet med stillinga er å bidra til å førebyggje bekymringsfullt skulefråvær. Familierettleiar kan bidra inn i samarbeidet mellom heim og skule, vere med å kartlegge kva som kan vere grunnen til at det har blitt vanskeleg å meistre skulekvardagen, og kome med forslag til tiltak i heim og skule. Dersom foreldre strevar med å få borna til skulen, og må bruke mykje krefter på å motivere til skule/skuleaktiviteter, kan det vere lurt å ta tak i dette før det kjem så langt at det blir skulefråvær og fastgrodde mønster. Velkommen til å ta kontakt.