Takk for innsatsen de la ned

I løpet av 1. mai- helga oppstod det to hendingar med naturbrann i kommunen vår. Takka vera innsatspersonell frå både Hjelmeland og Suldal sin raske og målretta innsats vart brannane handtert på ein svært god måte, og spreidning samt skadeomfang vart effektivt begrensa.

Oppdraga vart løyst på - har me fått tilbakemelding om - ein fornuftig, trygg og profesjonell måte. Razmus Wiggen, brannsjef i Rogland brann- og redning, skrøyter og har kun positive tilbakemeldingar å gje om innsatsen som vart lagt ned.

Me ønsker med dette å retta ein stor takk til alle dokk som deltok i innsatsen. Kompetansen, samarbeidsevnen og dedikasjonen dykkar er avgjerande i slike situasjonar, og innsatsen de legg ned er av stor betydning for sikkerheita i lokalsamfunnet vårt!

Og til sist, men ikkje minst, ein stor takk til butikken Coop Marked Vadla i Jøsenfjorden som opna opp slik at brannkonstablane fekk seg mat og drikke, i tillegg kokte dei kaffi noko som vart satt stor pris på!