Tekstil skal ikkje i restavfall
Kvart år kastar me enorme mengder med tekstil, klede og sko i restavfallet. Mesteparten kunne vert brukt om att eller brukt til å lage nye produkt. Frå 1. januar 2025 er ein ny EU-lov trådt i kraft. Lova seier at tekstil som kan brukast om att eller gjennvinnast, ikkje skal kastast som restavfall.
Viganeset gjennvinningsstasjon
No er det kome ein eigen behaldar på Viganeset, der du kan levere inn brukt tekstil, klede og sko. Du legg det du vil levere inn i ein plastpose og knyttar godt att med ein dobbeltknute.
Utslitte og øydelagde tekstil som ikkje kan brukast på nytt, blir levert til aktørar som lager ny tråd eller garn av tekstila.
Tekstil, klede og sko må vera reint, tørt og utan lukt. Dei må heller ikkje vere tilgrisa av kjemikalie eller størkna maling.
Du kan lesa meir om saka på IVAR.no
Publisert 16.01.2025 15.33
Sist endra 16.01.2025 15.34