Varsel om endring - Reguleringsplan R18 Øygarden-Mork, Jøsneset
Head Energy AS varslar om ei endring av eldre reguleringsplan R18 Øygarden-Mork frå 1979, gnr 12 bnr 30 m.fl
Forslag til nye endringar går primært på å auke hyttestorleik på dei fem eksisterande hyttene i regulert byggeområde frå 100 m2 til 130 m2.
Denne planen er ein “siste rest” av den opphavlege planen frå 1979 for eit større område. Denne eldre planen tilfredsstiller ikkje dagens krav til plan og samsvarer ikkje heilt med dagens situasjon. Kommunen nyttar difor høvet til òg å å få oppdatere planen. Dette gjeld “rydding” i både plankart og føresegner, td ift parkering, tilkomstveg, vann, avløp. I prinsippet vil ikkje dette medføre reelle endringar.
Ein tek sikte på å digitalisere plankartet. I den samanheng kan det bli aktuelt å oppheve formål jordbruk/skogbruk. I såfall vil det arealet bli tilbakeført til landbruk, natur og friluftsformål (LNF) i kommuneplanen, og forvaltast deretter.
Sjå kartfigur og forklaring i VARSLINGSBREV (PDF, 3 MB)
Her er link til gjeldande plan R18 Øygarden-Mork.
Planen er varsla til berørte hytteeigarar og naboar.
Frist for merknader er 15.11.2023.
Merknader sendast til Head Up Energy AS v Vassbotnen 11b, 4313 Sandnes, Helene.sande@headenergy.no
Sist endra 24.10.2024 13.23