Hovudformålet med planprosessen er at gjeldande plan skal få ny rettsverknad jf plan-og bygningslova § 12.4 og kap 16.
- Planarbeidet legg ikkje opp til reelle endringar i reguleringsplanen
- Formåla industri og vegareal blir vidareført.
- Ein varslar i tillegg ei mindre utviding av planområdet i sør, slik at innregulert trafikkformål på gnr 71 bnr 1 i tilgrensande plan R162 blir inkludert denne fornya planen, planID 202403. Altså ingen reell endring: kun at det utvida området inngår i ny plan.
Forslag til planavgrensing inkl utviding som gjeld regulert trafikkareal fylkesveg 4680: kryss, g/s-veg og busshaldeplass.
Bakgrunn for planprosessen
Detaljreguleringsplanen R142 blei godkjent av Hjelmeland kommunestyre i mai 2014. Planen inneheld ca 11 daa industriformål (utviding austover frå eksisterande industriområde) og omlegging av hovudtilkomstveg frå fylkesveg 4680 til industriområdet.
Link til kommunekart som viser planområdet.
Ingen innregulerte tiltak i R142 er påbegynt i planområdet, verken omlegging av tilkomstveg, utbygging av industriareal eller eigedomsoverdraging. Innregulert industriareal på gnr 71 bnr 1 er i privat eige. Pr i dag er det fulldyrka jord på arealet, og grunneigar har ikkje hatt ønskje om å avgje grunn til industriformål. Det har vore/er ein prosess mellom kommunen og grunneigar ift eigedomsoverdraging. Viser her til kommunestyresak 82/24. Ekspropriasjonsgrunnlaget har falt bort pga at planen er eldre enn 10 år, jf plan-og bygningslova § 16-2.
Det framgår av dei nemde politiske vedtaka at Hjelmeland kommune ønskjer å fornye planen jf plan-og bygningslova § 12-4, slik at planen skal kunne realiserast. Utvidinga er òg i tråd med kommuneplanens arealdel, vedtatt 2019.
Når ein reguleringsplan er eldre enn 10 år må ein uansett vurdere om planen er oppdatert i tråd med dagens krav til utgreiingar og dokumentasjonsgrunnlag , nasjonale føringar og om den held forsvarleg planfagleg nivå.
Det blir sendt ut eige varslingsbrev til grunneigar, naboar/berørte partar og eksterne planmyndigheiter.
Merknader til varsel om fornying av planen kan sendast til:
- Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
-postmottak@hjelmeland.kommmune.no
- Eller bruk digitalt skjema.
Frist for innspel/merknader til fornyingsprosessen er 16.desember 2024.
Avdeling Plan og forvaltning