Vil du bli meddommar eller skjønnsmedlem?

Vil du bli meddommar eller skjønnsmedlem?

Kommunestyret skal oppnemne nye meddommarar for perioden 2025 – 2028 før sommaren 2024. Fyll ut skjemaet nedanfor viss du ønskjer å bli meddommar. 

Søknadsfrist 5. mai 2024.

Meld deg som meddommar eller skjønnsmedlem

Kva er ein meddommar?

Ein meddommar (lekdommar) er ein person utan juridisk utdanning som saman med ein fagdommar er med på å ta avgjerder i rettssaker. Som meddommar kan du rekna med å bli innkalla i 1-3 saker per år. Dei fleste rettssaker varer frå éin til tre dagar, enkelte saker kan vara noko lengre.  Verv som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får du fri frå jobb for å utføra vervet. Viss du taper arbeidsforteneste, blir det gitt erstatning for dette.

Kven kan vera meddommar?

Domstolloven stiller visse krav til kven som kan veljast til meddommar. Du må:

  • vera mellom 21 og 70 år ved starten i valperioden (01.01.2025)
  • ha stemmerett og dessutan stå innført i folkeregisteret i Hjelmeland kommune på valdagen
  • snakka og forstå norsk
  • vera statsborgar i Noreg eller eit anna nordisk land, eller har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra
  • vera ein alminneleg heiderleg samfunnsborgar som er godt skikka til vervet. Krav til vandel - sjå domstolloven §72 
  • ikkje vera straffedømt, ikkje vera under offentlege gjeldsforhandlingar eller konkursbehandling eller i konkurskarantene 
  • det er ein fordel om meddommarane har alminneleg god digital kompetanse

Utvala skal bestå av like mange kvinner og menn, og skal vera samansett slik at dei representerer eit gjennomsnitt av befolkninga. For å sikra breidd i utvala skal det mellom anna takast omsyn til alder, etnisk bakgrunn og kultur. 

Ulike typar meddommarar

Hjelmeland kommune skal utnemna meddommarar til Sør-Rogaland tingrett, Gulating lagmannsrett og Sør-Rogaland jordskifterett. Hjelmeland skal også føreslå skjønnsmedlem - som skal utnemnast av Rogaland fylkeskommune. Les meir om ulike typar meddommarar på domstol.no

Dei same personane kan ikkje veljast både til lagmannsretten og tingretten. Elles kan alle kombinasjonar veljast.

Spørsmål om vervet som meddommar?

Meir informasjon om det å være meddommar finner du på domstol.no 

Eventuelle spørsmål kan sendes til postmottak@hjelmeland.kommune.no