Flaggreglement

2 Flagging ved kommunale bygg

Kommunen sine offisielle bygg

  • Kommunehuset
  • Hjelmeland omsorgssenter
  • Hjelmeland skule
  • Fister skule
  • Årdal skule
  • Årdal omsorgssenter
  • Jøsenfjorden barnehage  

2.1 Hjelmeland kommunehus

Det skal flaggast med nasjonalflagget ved kommunehuset ved:

  1. Offisielle flaggdagar
  2. Kommune- og fylkestingsval
  3. Kvinnedagen 8. mars
  4. FN dagen 24. oktober 
  5. Det kan flagges ved kommunale vigslar (etter eige ønske) 
  6. Gravferd til kommunalt tilsette
  7. Fyrste skuledag 
  8. Det kan flaggast med nasjonalflagg på kommunehuset når kommunedirektøren, eller den han delegerer til finn det naudsynt etter vanleg skikk og bruk 
     
  9. Det skal flaggast med sameflagget frå kommunehuset på Samefolkets dag 6. februar
  10. Det flaggast med regnbogeflagget 25. juni

 

Det skal flaggast med kommuneflagget ved kommunehuset:

  1. Når kommunestyret har møte
  2. På kommunale merkedagar
  3. Det kan flaggast med kommuneflagget ved kommunehuset etter vedtak frå kommunedirektøren, eller den hen delegerer til
     

Det skal flaggast med kommunevimpel ved kommunehuset:

  1. Når ein ikkje nyttar anna flagg

2.2 Einingane

Dette reglement gjeld for flagging på flaggstenger i tilknyting til einingar og institusjonar som vert drivne av Hjelmeland kommune.

Det skal flaggast med nasjonalflagg på einingane ved:

  1. Offisielle flaggdagar
  2. Kommune- og fylkestingsval
  3. Gravferd 
  4. Det blir flagga på skulen i kvar bygd i samband med konfirmasjon
  5. Det kan flaggast med nasjonalflagg på einingane når einingsleiar finn dette naudsynt etter vanleg skikk og bruk
  6. Det skal flaggast på skulane og kommunehuset 1. skuledag

 

Det skal flaggast med kommunevimpel på einingane

  1. Når ein ikkje nyttar anna flagg.

 

Einingsleiar ved den enkelte institusjon er administrativt ansvarleg for at flagging vert utført.