Årsplan Fister barnehage 2023/2024
3 Barnehagen sitt formål og innhald
3.1 Omsorg
Barnehagen skal ivareta barna sitt behov for omsorg, jf. rammeplanen (2017):
- Omsorg er ein føresetnad for barna si tryggleik og trivsel, og for utvikling av empati og nestekjærleik.
- Barnehagen skal gje barna moglegheit til å utvikle tillit til seg sjølv og andre.
- Alle barna skal oppleve å bli sett, forstått, respektert og få den hjelp og støtte dei har behov for.
- Barnehagen skal aktivt legge til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet og mellom barna, som grunnlag for trivsel, glede og meistring.
Slik gjer me det hjå oss:
- Gje barn og foreldre ein god start på dagen
- Vise glede for at akkurat ho/han kjem
- Barnet skal bli bekrefta, forstått og verdsatt
- Ta omsyn til at barn er ulike og har ulike behov
- Omsorg og varme i alle situasjonar
3.2 Leik
Barnehagen skal ivareta barna sitt behov for leik, jf. rammeplanen (2017):
- Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og leiken sin eigenverdi skal verte anerkjent.
- Barnehagen skal ha eit fysisk miljø som støttar barna si utvikling og sosiale og språklege samhandling.
- Barnehagen skal legge til rette for eit inkluderande miljø der alle barna kan oppleve glede og engasjement gjennom leik.
Slik gjer me det hjå oss:
- Aktive og deltakande vaksne både inne og ute
- Barnehagen skal tilby variert leikemateriale
- Gje barna felles opplevingar og referanseramar
- Ha fokus på leik og vaksenrolla på personalmøter og i utviklingsarbeid
- Oppmuntre og tilføre leiken nye element
- Skjerme leiken (lukke dører)
- eikegrupper
- Felles regelleiker, t.d. raudt lys, fisken i det røde hav
3.3 Danning
Barnehagen skal fremme danning, jf. rammeplanen (2017):
- Barnehagen skal støtte barna i å vere prøvande og nysgjerrig til omverda, og bidra til å leggje grunnlag for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap.
- Barnehagen skal fremme samhald og solidaritet samstundes som individuelle uttrykk og handlingar skal verte verdsett og følgd opp.
- Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet, og fremme barna si tilhøyrsle til samfunnet, natur og kultur.
- Barna skal få delta i prosessar ved avgjersler og utvikling av felles innhald. Barna skal støttast i å uttrykke synspunkt og skape meining i den verda dei er ein del av.
Slik gjer me det hjå oss:
- Gode dialogar
- Vaksne som reflekterar over eigen praksis
- Gje barna relasjonar og aktivitetar som dei opplever er meiningsfylte
- Ha forventningar til barnet
- Gje barna sosial kompetanse
- Lære barna å hevde seg sjølv på ein positiv måte
- Bry seg og ha omsorg for andre
3.4 Læring
Barnehagen skal fremme læring, jf. rammeplanen (2017):
- Barna skal oppleve eit stimulerande og utforskande miljø som fremmer barn si nysgjerrigheit og lærelyst.
- Barnehagen skal sørge for utvikling og progresjon innanfor alle fagområda i rammeplanen.
- Barnehagen skal støtte og berike barna sine initiativ og gje dei utfordringar og tiltru til eigne evner.
Slik gjer me det hjå oss:
- Gje barna erfaringar
- Gje barna opplevingar
- Gje barna utfordringar etter alder og modning
- God tid for leik
- Vaksne som støttar
- Vise barna tillit
3.5 Vennskap og fellesskap
Barnehagen skal fremme vennskap og fellesskap, jf. rammeplanen (2017):
- I barnehagen skal alle barn få oppleve seg sjølve som verdifulle, få vener og bidra i eit sosialt fellesskap.
- Barna skal verte støtta i å sette eigne grenser, respektere andre sine grenser og finne løysingar i konfliktsituasjonar.
- Barnehagen skal førebygge, stoppe og følgje opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønstre.
Trygt og godt barnehagemiljø i hjelmelandsbarnehagen
Det er eit mål at alle barn skal ha det trygt og godt i barnehagen, og vere ein del av eit inkluderande barnehagemiljø. Det viktigaste arbeidet med dette skjer i barnehagekvardagen i lag med barna. Det er utarbeida ein felles plan for korleis barnehagane skal jobbe for å fremme eit trygt og godt barnehagemiljø, førebygge mobbing og anna krenkande åtferd, samt korleis dei skal handtere dette (aktivitetsplikt). Barnehagemiljø og mobbing - Hjelmeland kommune
Slik gjer me det hjå oss:
- Alle barna skal få oppleve å høyre til
- Tilstadeverande og observerande vaksne
- Personalet støttar og rettleier barna i samspel med andre
- Hjelpe barna inn i leik
- Ved å dele barna inn i mindre grupper
- Vaksne som jevnleg arbeider med dette temaet på møter
- Samarbeide med dei føresette
3.6 Kommunikasjon og språk
Barnehagen skal fremme kommunikasjon og språk, jf. Rammeplanen (2017):
- Barnehagen skal støtte barna sin bruk av språk som reiskap for å tenkje og gje uttrykk for eigne meiningar og kjensler.
- Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen.
- Barnehagen skal fange opp og støtte barn som treng ekstra støtte i si språkutvikling.
Slik gjer me det hjå oss:
- Gode samtalar med barna
- Stille opne spørsmål
- Ta utgangspunkt i det barna er opptekne av
- Leike med bokstavar og lydar
- Tilgang på bøker
- Lesegrupper
- Rim og regler
- Song
- Spela ulike spel
- BRAVO-leiken
3.7 Progresjon
Alle barna i barnehagen har rett til å oppleve progresjon i barnehagen sitt innhald, og få utvikle seg, lære og oppleve framgang. Me i personalet skal legge til rette for at barna møter varierte leiker, aktivitetar og læringsmoglegheiter. Barna skal få utfordringar tilpassa erfaringar, interesser, kunnskap og ferdigheiter. Barna i barnehagen skal oppleve meistring, samstundes som dei møter utfordringar dei kan strekke seg etter. Dei skal få nye erfaringar og opplevingar i barnehagen. Me skal ha varierte leiker og material som sørger for at barna opplever progresjon.