1 Hjelmelandsbarnehagen
Alle tilsette i alle barnehagane i Hjelmeland kommune har fokus på «det beste for barnet».
Me ønsker å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og utvikling.
Felles verdiar
Vår visjon og våre verdiar er barnehagane si rettesnor i det daglege arbeidet, både i forhold til det me seier, gjer og vektlegg i eit dagleg samspel med barna, foreldra og medarbeidarar.
Judith Bergøy
Årsplanen skal vise korleis barnehagen jobbar for å oppfylle krava i den nasjonale rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver. Barnehagen sitt verdigrunnlag, som kjem fram i bhg.lova § 1 og i rammeplanen, skal verte formidla, praktisert og opplevd i alle delar av barnehagen sitt pedagogiske arbeid.
Utviklingsarbeid i Hjelmelandsbarnehagen
Hjelmelandsbarnehagen er med i regional kompetanseordning (REKOMP) i region Midt-Rogaland, i partnarskap med Universitetet i Stavanger (UiS).
Felles satsingsområde for barnehageåret 2023/2024
Hjelmelandsbarnehagen som miljøfyrtårn
Barna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen, og barnehagen har ein viktig oppgåve i å fremme verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn. (Rammeplanen, 2017)
Alle barnehagane er sertifisert som miljøfyrtårnbedrift. Dette inneber at dei har systematisk arbeid med miljøtiltak i arbeidskvardagen, og leverer årlege miljørapportar for si verksemd. Barnehagen skal og bidra til at barna forstår at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.