Vedtaket blei fatta i møte den 12.september 2024 i sak 66/24.
Planstrategi 2024-2028 gir mellom anna ein oversikt over kva planar som skal lagast dei neste fire åra
Planprogrammet for kommuneplanen er ei “kokebok” for korleis me skal revidere Kommuneplanen samfunnsdel og arealdel. Først ut av desse planane er Kommuneplanens samfunnsdel.
Kommunestyret sitt vedtak betyr i praksis at arbeidet med revisjon av Kommuneplanens samfunnsdel nå er starta.
Samfunnsdelen er ein plan for korleis me vil at Hjelmelandsamfunnet skal utvikle seg framover, så dette planarbeidet er viktig og aktuelt for alle innbyggjarar, næringsdrivande, hytteeigar i kommunen vår.
Grendevise folkemøter
Første steg i planprosessen er at kommuneleiinga vil rundt i alle dei 7 krinsane for å informere og leggje opp til medverknad. Alle møta startar kl 18.00 og varer eit par timar. Slik blir “kjøreplanen” for folkemøta:
- 4. november - Vormedalen grendahus
- 5. november - Jøsneset grendahus
- 11. november - Fjordahuset Jøsenfjorden
- 12. november - Årdal omsorgsenter
- 13. november - Randøy grendahus
- 20. november - Kommunestyresalen Hjelmeland
- 21. november - Fister skule
Kom med innspel
På dei grendevise møtene vil me informere om korleis du kan kome med innspel, og kva me ønskjer innspel om. Me oppmodar om å vente litt til det blir gitt meir informasjon om planarbeidet.
Men du kan sjølvsagt òg kome med innspel allereie nå. Då er det smart å ta ein kikk i kapittel Planprogram, så du veit kva kommunestyret har lagt vekt på og litt om kva planarbeidet går ut på.
Send innspel til kommuneplanens samfunnsdel
Innspel kan òg sendast pr post: Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
og på epost postmottak@hjelmeland.kommune.no
Frist for innspel er 15.desember 2024.
NB: innspelsrunden nå gjeld ikkje konkrete arealinnspel. Det planarbeidet kjem i neste faste, oppstart 2025.
Infoside for pågåande kommuneplanarbeid.
Koordinator for planarbeidet
Plan-og forvaltningssjef Haldis K Nilsen, haldis.nilsen@hjelmeland.kommune.no, 404 39 120