Trafikktryggingsplan

1 Innleiing

Kommunen har ansvar for investeringar, drift og vedlikehald av det kommunale vegnettet. Dette ansvaret inkluderar trafikktryggleiken. Vidare følger det av folkehelselova og plan- og bygningslova at kommunen har eit generelt ansvar for å førebygge skader og ulykker lokalt. Me har ansvar og verkemidler som kan bidra til auka innsats i det lokale trafikktryggingsarbeidet. Mellom anna er me stor arbeidsgjevar, kjøpar av transporttenester og eigar av skular og barnehagar.  

Trafikktryggleik handlar om å kunne bevege seg trygt på vegane og i sitt nærmiljø, anten ein er fotgjengar, syklist eller bilist – born, ungdom eller vaksen. Trafikktryggingsarbeid for alle trafikantgrupper er dessutan viktige folkehelsetiltak. Denne trafikktryggleiksplanen skal danne grunnlaget for vidareføring av trafikktryggleiksarbeidet i Hjelmeland kommune, både når det gjeld fysiske tiltak, opplæring og haldningsskapande arbeid.   

Planen tek utgangspunkt i dei nasjonale og fylkeskommunale føringane for trafikktryggleiksarbeidet. Dette er viktig for å få ein raud tråd i arbeidet, frå nasjonalt til lokalt nivå. Dei nasjonale føringane er dei seinare åra blitt tydlegare og meir konkrete enn før, mellom anna gjennom Nasjonal trasportplan, Stortingsmelding 40 og Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2018-2021.  

Trafikktryggleiksplan 24-27 byggjer på planen 21-24, og er ei oppdatering av denne. I Hjelmeland er trafikktryggleiksarbeidet forankra hos kommunedirektøren.  Sjølve trafikktryggleiksplanen skal vedtas av kommunestyret. Handlingsplanen skal vedtakast  årleg etter høyringsprosess. 

Ved revisjon av dette plandokumentet er det gitt høve til innspel via offentleg kunngjering, møte med bygdaråda, samt tema i barn og unges kommunestyre. Råd for funksjonshemma og eldrerådet har hatt høve til å koma med merknad.