Trafikktryggingsplan
2 Nasjonale og regionale føringar for trafikktryggingarbeidet
2.1 Stortingsmelding 40 (2015/2016) Trafikksikkerhetsarbeidet - samordning og organisering
I stortingsmelding nr. 40 (2015/2016) legg regjeringa til grunn av Norge er verdsleiiande innan trafikktryggleik på veg, som følgje av målretta, tverrsektoriell, kunnskapsbasert og langsiktig innsats. Trafikkulykker utgjer likevel eit stort samfunnsproblem, og omfanget av tapte liv er ikkje akseptabelt. Trafikktryggleik må difor fortsatt ha høg prioritet, med nullvisjonen som eit av hovudmåla for transportpolitikken.
Det vert vist til at mange av dei enkle og mest effektive trafikktryggleikstiltaka er teke i bruk. Med eit relativt lågt antal trafikkulykker vert ytterlegare reduksjon i antalet drepne og hardt skadde stadig meir krevande og avhengig av auka og felles innsats frå fleire offentlege aktørar. Hovudinnretninga på stortingsmeldinga er difor å belyse tverrsektorielle utfordringar og behov i trafikktryggleiksarbeidet, og bidra til betre overordna forankring og auka samordning av innsatsen.
I stortingsmeldinga presenterer regjeringa seks satsingsområde:
- Forankring av tverrsektorielt trafikktryggleiksarbeid på overordna nivå
- Meir effektiv formidling, enklare tilgang og betre utnytting av kunnskap frå ulykkesundersøkingar
- Retningslinjer for registrering av vegtrafikkulykker og auka utveksling av skade- og ulykkesdata
- Forsking på trafikktryggleik
- Framtidige satsingsområde
Generelt vil regjeringa vidareføre ei brei tilnærming i trafikktryggleiksarbeidet, ein målretta innsats mot dei mest alvorlege ulykkestypane og ein målretta innsats mot risikogrupper. Det trafikantretta trafikktryggleiksarbeidet skal vektleggast.
2.2 Nasjonal transportplan
Regjeringa har i Nasjonal transportplan 2022 – 2033 vidareført nullvisjonen. Visjonen inneber at transportsystemet, transportmidlane og regelverket skal utformast slik at dei fremjar trafikksikker åtferd hjå trafikantane, og i størst mogleg grad bidreg til at menneskelege feilhandlingar ikkje fører til alvorlege skadar. Nullvisjonen skal vera ein etisk vegvisar og retningslinje for arbeidet med trafikktrygging.
Utdrag frå Nasjonal transportplan:
«Regjeringen vil:
- legge til grunn nullvisjonen for arbeidet med transportsikkerhet
- arbeide videre for å opprettholde det høye sikkerhetsnivået i transport på bane, luft og sjø
- legge til grunn en ambisjon om at det innen 2030 maksimalt skal være 350 drepte og hardt skadde i veitrafikken, hvorav maksimalt 50 drepte, og at ingen skal omkomme i veitrafikken i 2050
- satse på infrastrukturrettede tiltak, tiltak for fotgjengere og syklister i byområder, målrettet innsats overfor høyrisikofaktorer og utsatte trafikantgrupper, tiltak for å redusere ulykker med tunge kjøretøy og understøtte teknologiutvikling som fremmer sikkerheten
- arbeide for at 60 prosent av trafikkarbeidet på riksveier med fartsgrense 70 km/t eller høyere innen 2028 skal foregå på møtefrie veier, og at alle riksveier med fartsgrense 70 km/t eller høyere på sikt skal ha minstestandard for utforkjøringsulykker
- legge særlig vekt på behovene til fotgjengere, syklister og motorsyklister ved utforming, bygging, drift og vedlikehold av veianlegg
- legge til rette for at barn kan ferdes trygt i trafikken gjennom blant annet sikring av skole-veier, nærmiljøer og annen infrastruktur, trafikk- og mobilitetsopplæring og informasjons-virksomhet.»
Nasjonal transportplan 2025 – 2036 vert lagt fram våren 2024.
2.2.1 Barnas transportplan
Barn og unge er både dagens og morgondagens trafikantar, og eit godt transportsystem skal vera trafikksikkert og tilpassa alle, inkludert barn og unge. Effektivt, attraktivt og trygt er stikkord i arbeidet med å legge til rette for barn og unge sin ferdsel.
Utdrag frå Barnas transportplan:
«Regjeringen vil:
- gi barn gode muligheter til å være aktive og selvstendige trafikanter
- ta hensyn til barn og unges behov i areal- og transportplanleggingen
- prioritere en ramme på 500 mill. kroner i første seksårsperiode til tiltak som bedrer trafikk-sikkerheten for barn og unge, herunder etablere en tilskuddsordning for å stimulere til lokalt arbeid for trygge skoleveier og nærmiljøer»
2.3 Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg
Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2022 – 2025 er utarbeida av Statens vegvesen, politiet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Trygg Trafikk, fylkeskommunane og åtte storbykommunar. I tillegg har mange andre aktørar gitt innspel.
Planen bygg på ambisjonar og overordna prioriteringar i Nasjonal transportplan 2022-2033 (NTP). Føremålet med tiltaksplanen er å utarbeide eit breitt spekter av foreinte og fagleg forankra tiltak, i tillegg til å styrka samarbeidet mellom dei sentrale trafikktryggingsaktørane. Tiltaka i planen skal bidra til at me har stø kurs mot ambisjonen i NTP om maksimalt 350 drepne og hardt skadde i 2030, kor av maksimalt 50 drepne. Dette inneber at samla antal drepne og hardt skadde må meir enn halverast frå 2020 til 2030, mens det for antal drepne inneber ein reduksjon med 46 prosent.
2.4 Handlingsplan for trafikksikkerhet for Rogaland 2018-2023
Fylkeskommunen har etter vegtrafikklova eit ansvar for å tilrå og samordne tiltak for å betre trafikktryggleiken i fylket. Det er difor bestemt at det skal utarbeidast eigne regionale handlingsplanar for trafikktryggleik.
Fysiske trafikktryggingstiltak på fylkesvegnettet skal følgast opp gjennom handlingsprogram for fylkesvegar. I tillegg er følgande ikkje-fysiske tiltak definert som satsingsområde i handlingsplanen:
- Trafikktryggingsarbeid inn på systemnivå o Trafikksikker kommune. Vera pådrivar, saman med Trygg Trafikk, for at kommunar i Rogaland arbeider for å oppnå kriteria som Trafikksikker kommune
- Partnerskap for folkehelse. Trafikktryggleik inngår som satsingsområde i folkehelsearbeidet
- HMS-system. Arbeide for at trafikktryggleik vert innabeida i HMS-systema til verksemder i Rogaland
- Risikoutsette grupper
- Unge bilførarar
- Innvandrarar
- Eldre bilførarar
- Motorsyklistar
- Rusmisbrukarar
- Sykkel- og gåstrategi
2.5 Folkehelse og trafikktrygging
Hjelmeland kommune er i partnerskap for folkehelse med Rogaland fylkeskommune. Partnarskapet skal konkretisere partnarane sine lovpålagte oppgåver, samt sikre at folkehelsearbeidet i regionen vert samordna for betre å fremja folkehelsearbeidet etter lokale føresetnader og behov.
2.5.1 Partnerskap for folkehelse
Hjelmeland kommune er i partnerskap for folkehelse med Rogaland fylkeskommune. Partnarskapet skal konkretisere partnarane sine lovpålagte oppgåver, samt sikre at folkehelsearbeidet i regionen vert samordna for betre å fremja folkehelsearbeidet etter lokale føresetnader og behov.
2.5.2 Trafikksikker kommune
Trygg Trafikk har, saman med fylkeskommunane, utarbeida godkjenningsordninga Trafikksikker kommune. For å bli godkjent må kommunen vise at det vert arbeidd med trafikktrygging på systemnivå, gjennom mellom anna utarbeiding av rutiner. Det er laga ulike kriterier for fleire delar av kommunen si verksemd. Hjelmeland vart godkjent som Trafikksikker kommune i 2016, med regodkjenning i 2021 - 2023.