5 Mål og strategiar for trafikktryggingsarbeidet i kommunen
Mål
- I perioden 2024 – 2027 skal det ikkje vera drepne eller hardt skadde i trafikken i
Hjelmeland. Dette er i tråd med nullvisjonen. I same periode skal det ikkje vera fleire enn 5 lettare skadde. - Hjelmeland kommune vil at flest mogleg barn, unge og vaksne kan gå eller sykle trygt til skule, jobb og til fritidsaktivitetar.
Strategiar
Kommunen skal arbeide aktivt for å nå målsettinga. I tråd med tilstandsmåla i Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg, skal kommunen først og fremst bidra på følgande område:
- Auke bruk av bilbelte, refleks, bakovervendt barnesikring og sykkelhjelm
- Redusere andelen bilistar som overskrid fartsgrensene
- Førebygge køyring i påverka tilstand
- Arbeide målretta for at fleire går og syklar til skulen
- Auke lengda på gang- og sykkelvegar i kommunen
- Kommunen skal vera godkjent Trafikksikker kommune
- Barnehagane skal vera godkjente Trafikksikker barnehage
- Skulane skal vera godkjent Trafikksikker skule
Kommunen skal gjennomføre trafikktryggingstiltak som vil bidra til å nå nasjonale tilstandsmål.