Plan for kulturminne / kulturarv
3 Ulike verkemiddel for å ta vare på kulturminna/kulturarven
Verkemidla som er tekne i bruk kan i delast opp i fire kategoriar:
a) lovverk
b) stortingsmeldingar og planverk
c) økonomiske støtteordningar
d) formidling og tilrettelegging.
Den siste er kanskje den viktigaste; kunnskap om kulturminna er med på skapa interesse for å ta vare på kulturarven.
3.1 Lovverk
Dei to viktigaste lovane er kulturminneloven og plan og bygningsloven. Alle kulturminne som er eldre enn 1537 (då reformasjonen skjedde i Noreg) blir definert som fornminne, og er automatisk freda. Nyare tids kulturminner kan fredast gjennom enkeltvedtak. Det betyr at mange kulturminne ikkje har eit spesielt vern, og dermed må takast vare på ved bruk av andre virkemiddel.
Kulturminneloven prg 25 gir meldeplikt for alle tiltak knytt til bygg eldre enn 1850.
Plan og bygningsloven av 2008 legg opp til at ein kan leggja omsynssone bevaring . I eldre reguleringsplanar er det regulert til «spesialområde bevaring». I Hjelmeland gjeld dette i Nordbygda og på Sande, sjå kap 2.3. Kommunen har også heimel gjennom plan og bygningsloven å gi pålegg om utbetring av eksisterande bygg om omsyn til bevaringsverdi. Det har ikkje vore tradisjon å ta desse verkemidla i bruk hjå oss.
3.2 Stortingsmeldingar og planverk
Gjeldande statlege føringar er skissert m.a. gjennom Stortingsmelding 35 (2012/13) «Framtid med fotfeste», og Riksantikvaren sin strategiske plan. Det er også grunn til å visa til den Europeiske landskapskonvensjonen, som Noreg har slutta seg til. Regionalt har med regionalplan for kultur, og det vert arbeidd med revisjon av FINK-planen (Friluftsliv, Natur, idrett og kultur) der berre nokre av temaområda vert med vidare.
3.3 Økonomisk støtteordningar
Freding eller vernevedtak vil i seg sjølv berre gi avgrensa vern for det enkelte kulturminnet. Det aller viktigaste er at eigar sjølv er positiv og motivert for å ta vare på kulturminnet, noko som gjerne krev både kunnskap og økonomiske ressursar. Det er difor viktig at kulturminneforvaltninga på alle nivå legg opp til dette.
Det fint ulike statlege tilskotsordningar som eigarar av kulturminne kan søkja på. Ein del av desse er knytt til støtteordningar i landbruket. I tillegg finst m.a. Fylkeskommunen sine eigne støtteordningar til verneverdige bygg og anlegg, Norsk kulturminnefond, Norsk kulturarv sine tilskot, stiftelsen Uni og andre fond og stiftingar.
3.4 Historieforteljing: Formidling og tilrettelegging
Å jobba med formidling og tilrettelegging er viktig for å skapa interesse for, engasjement i og motivasjon for kulturarven. Regionmuseet har ei ordning med eigne tilsette formidlarar. Biblioteket har eit oppkome av lokallitteratur. Skal ein skapa identitet og arbeida med omdøme, kan kulturarven bidra med ein unik basis. Å få kulturarven ut på ein positiv måte til folk flest, til skule og barnehage er ei viktig oppgåve. Her er det gode muligheter til samarbeid med friviljug sektor. Til dømes har bygdarådet på Jøsneset jobba målretta med innsamling av stadnamn med påfølgjande merking ute i naturen. Bygdarådet i Årdal har engasjert seg i Prestavegen. Og mykje frivillig engasjement er knytt til 150årsjubileet for Fister kyrkje dette året.
Praktisk tilrettelegging handlar også om teknisk tilrettelegging til dømes i form av parkeringsplassar og gjestetoalett. Her gjenstår mykje. I Vigatunet er det trong for eit resepsjonsbygg, og noko meir parkering. Dette er viktige brikker i det vidare arbeidet med kulturarven i Hjelmeland.