Møtereglement for styre, råd og utval 2024 (Ksak 102/24)

Del 4 - Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette

Dette reglementet erstattar etiske retningslinjer som vart vedtatt i Ksak 039/17.

1. Innleiing

Hjelmeland kommune er ansvarleg for grunnleggjande velferdstenester og forvaltar store ressursar på vegne av fellesskapet. Folkevalde og tilsette i Hjelmeland kommune skal arbeide for fellesskapet sitt beste i tråd med lovar, reglar, kommunen sitt verdigrunnlag og politiske vedtak. Me opptrer på ein måte som gir tillit i befolkninga og som ikkje skader kommunen sitt omdømme. Me er ærlege og opne i ein kvar samanheng. 

Kommunen er gitt stor makt som forvaltar av ei rekkje lovar og forskrifter. Det er difor viktig at haldningane til folkevalde og tilsette speglar eit høgt etisk medvit. Eit fungerande lokaldemokrati føreset innbyggjarane sin tillit.

Alle leiarar i Hjelmeland kommune har gjennom ord og handling stor påverknad på kulturen og normene for åtferd i organisasjonen. Det er leiar sitt ansvar å syte for at dei etiske retningslinjene er kjende og at det vert lagt til rette for gjennomgang av dei etiske retningslinjene og etisk refleksjon. Leiarar på alle nivå skal gjennomgå våre etiske retningslinjer med sine medarbeidarar ein gong i året. Ved ny tilsetting er dette tema for «introduksjon av nytilsette». Leiarar skal sjå til at alle tilsette underteiknar på at dei har lest og vist forståing for kommunen sine etiske retningslinjer. 

Kva tyder «etikk» og «moral»

Det kan vera vanskeleg å skilja mellom omgrepa etikk og moral. Enkelt forklart kan ein seia at etikken er det teoretiske grunnlaget for akseptabel åtferd, retningslinjer/normer for dei meir grunnleggjande spørsmål i livet – spørsmål om kva som er rett eller galt, godt eller vondt. Moralen er praktiseringa av dei etiske normene i det daglege. Dei etiske retningslinjene er eit supplement til gjeldande organisasjonsverdiar, og skal gjelda for både folkevalde og tilsette. 

Organisasjonsverdiane har slik ordlyd:

  • Me møter brukarane våre med respekt og interesse
  • Me syner open og ærleg framferd
  • Me legg vekt på fagleg godt arbeid
  • Me vil gjera vårt for å fremja trivsel og arbeidsglede
  • Me forventar godt og utviklande samarbeid
  • Me er lojale mot leiinga, kvarandre og gjeldande reglar
  • Me er villige til å tenkja nytt og finna løysningar
     

Desse verdiane byggjer opp om kommunen sitt mål i det daglege arbeidet om at Hjelmeland kommune skal vera ein framtidsretta, inkluderande og løysningsorientert kommune.

1.1 Føremål

Etiske retningslinjer skal vera ei etisk norm for politisk arbeid, og arbeid utført av tilsette i Hjelmeland kommune. Hjelmeland kommune vil leggja vekt på at gode etiske grunnhaldningar skal prega verksemda i organisasjonen. Dette for å skapa tillit mellom tilsette, folkevalde og innbyggjarar.

1.2 Forventningar

Som forvaltarar av fellesmidlane i samfunnet stiller kommunen høge krav til folkevalde og dei etiske haldningane til den enkelte tilsette. Alle plikter lojalt å overhalda dei lovar, forskrifter og reglement som gjeld for kommuneverksemda. Alle tilsette pliktar også å vera lojale til avgjerder og vedtak, vera konstruktive i samarbeidsrelasjonar og leggja til rette for trygge meiningsutvekslingar og eit positivt arbeidsmiljø. Det er eit felles ansvar å byggja tillit. Folkevalde og tilsette er viktige for innbyggjarane sin tillit og haldning til kommunen. Dei skal derfor ta aktiv avstand frå, og kjempa mot, uetisk forvaltningspraksis.

1.3 Ansvar

Tilsette i Hjelmeland kommune skal bidra til å byggja ein organisasjonskultur basert på verdiane openheit og ansvarskjensle. Leiarar skal også sørgja for at organisasjonen er klar over dei etiske krava som blir stilte i kommunen – og at brot på lover og reglar blir handterte.

Alle tilsette i Hjelmeland kommune har eit personleg og sjølvstendig ansvar for å følgja det etiske reglementet til kommunen. Dersom dei er usikre på kva som er forsvarleg praktisering, skal dei søkja råd og rettleiing hos sin næraste leiar.

 

2. Hovuddel

Hjelmeland kommune skal gjennom openheit og ansvarskjensle vera ei tillitsskapande verksemd.

2.1 Møte med kommunen sine innbyggjarar

Folkevalde og åtferda til tilsette dannar grunnlaget for tilliten innbyggjarane har til kommunen. Alle skal opptre på ein måte som er i tråd med haldningane til kommunen i forhold til likestilling, inkludering og mangfald, og ta aktivt avstand frå all uetisk praksis.

Tilsette i Hjelmelandkommune skal møta innbyggjarar og kollegaer med openheit og ansvarskjensle. Faglege kunnskapar og fagleg skjønn skal liggja til grunn for rådgiving, styresmaktsutøving og tenesteyting.

2.2 Likestilling, inkludering og mangfald

I Hjelmeland kommune er det nulltoleranse for mobbing, trakassering og diskriminering. Likestilling, inkludering og mangfald er ein føresetnad for at verksemda er ein god arbeidsplass for alle å jobba i. Alle menneske, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion eller livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsuttrykk eller kjønnsidentitet deltek med ressursane sine.

2.3 Nære relasjonar

Nære relasjonar på tenestestaden skal i størst mogleg grad unngåast for å hindra framtidige situasjonar med interesse- og lojalitetskonfliktar, og dessutan for å skåna tilsette for situasjonar der dei kan vera partiske. Med nære relasjonar siktar ein til familiemedlemmer (foreldre/barn), ektefellar, kjærastar, svogerskap osb. Nære relasjonar på tenestestaden bør med same bakgrunn heller ikkje finnast i overordna og/eller underordna linje.

Intime forhold eller anna uforsvarleg åtferd mellom bruker/pasient og tilsett skal ikkje finnast. Dette gjeld også folkevalde ved arrangement i kommunal regi.

2.4 Teieplikt og fortrulegheit

Fortrulege opplysningar som kommunen sine folkevalde og tilsette får kjennskap til i samband med arbeidet sitt, skal forvaltast i samsvar med lover og reglar. Teieplikta gjeld også etter at arbeidsforholdet i kommunen er avslutta.

2.5 Forvaltning av samfunnet sine fellesmidlar

Folkevalde og tilsette i Hjelmeland kommune skal vera klar over at dei forvaltar fellesmidlane i samfunnet på vegner av innbyggjarane. Dei tilsette pliktene til kommunen å ta vare på ressursane til kommunen på den mest økonomiske og rasjonelle måte. Dette gjeld òg ved tenestereiser. 

Lov om offentlege innkjøp legg premissane for korleis offentlege innkjøp skal gå føre seg. Saksbehandling og avgjerder i samband med innkjøp på vegner av Hjelmeland kommune skal skje i samsvar med dei til kvar tid gjeldande rutinane for økonomi og innkjøp.

2.6 Habilitet

Innkjøpsordningar, rammeavtalar og rabattavtalar omfattar kommunen sitt eige innkjøp og kan ikkje nyttast av tilsette, folkevalde eller andre.

Folkevalde og tilsette skal opptre upartisk og praktisera likebehandling. Alle som treffer avgjerder og legg til rette for avgjerder i Hjelmeland kommune, er bunde av habilitetsreglane i forvaltningslova. Tilsette har ei sjølvstendig plikt til å varsla overordna om inhabilitet slik at dei kan fritakast frå vidare omgang med saka. Ved tvil om inhabilitet skal den tilsette leggja spørsmålet fram for sin næraste leiar. For folkevalde skal spørsmålet om habilitet bli reist for organet.

Kommunens folkevalde og tilsette skal unngå å komma i situasjonar som kan medføra konflikt mellom interessene frå kommunen og personlege interesser. Dette gjeld også tilfelle som ikkje blir ramma av habilitetsreglane i forvaltningslova. Dersom ein medarbeidar sine personlege interesser kan påverka avgjerda i ei sak som ein har fagleg ansvar for, eller elles deltek i behandlinga av, skal dette takast opp med næraste leiar, slik at habiliteten kan vurderast.

2.7 Gåver og andre fordeler i tenesta

Folkevalde og tilsette skal ikkje ta imot gåver, reiser, hotellopphald, bevertning, rabattar, lån eller andre ytingar og fordeler som kan vera eigna til å påverka handlingar, saksførebuingar eller vedtak. Folkevalde og tilsette kan ikkje ta imot ytingar eller gåver som kan bli oppfatta som forsøk på påverknad eller som kan stilla folkevalde og tilsette i eit uheldig lys. Det er uansett ikkje høve til å få gåver, blomster og liknande til ein verdi over kr. 500,-.

Tilbod om gåver eller fordelar for å innta eit bestemt standpunkt i enkeltsaker skal avslåast og rapporterast til næraste leiar. Folkevalde rapporterer tilsvarande til ordførar. Mottekne gåver skal returnerast avsendar saman med eit brev som gjer greie for det etiske reglementet til kommunen.

Dersom kommunen (under dette enkelte einingar innanfor kommunen) blir tilgodesett med ei gåve frå publikum/innbyggjarar/brukarar gjennom direkte overlevering, testamente, vedtekter eller liknande, skal dette rapporterast til kommunedirektøren, som vedtek og behandlar gåva etter gjeldande rutine for gåver gitt til Hjelmeland kommune.

2.8 Privat bruk av kommunen sitt utstyr

Maskinene til kommunen, transportmiddel og anna utstyr skal berre nyttast i tenesta i kommunen, med mindre særskilt løyve blir gitt.

2.9 Tilleggsarbeid

Tilsette pliktar ved tiltreding, og så lenge arbeidsforholdet varer, på førehand å informera kommunen om biarbeid, verv og/eller anna lønte oppdrag. Tilsette i Hjelmeland kommune skal ikkje ha biarbeid, verv eller anna lønte oppdrag som ikkje harmonerer med interessene til kommunen, eller som er eigna til å svekkja tilliten til kommunen. Tilsette kan ikkje utan arbeidsgivars løyve ha anna lønt arbeid eller driva næringsverksemd som er av eit slikt omfang at det kan gå ut over tilsettes arbeidsyting i kommunen.

2.10 Offisielle samanhengar og tenestereiser

Folkevalde og tilsette skal ha eit medvite forhold til si eiga framferd i offisielle samanhengar og på tenestereiser. I slike samanhengar vil kvar enkelt arbeidstakar og folkevalde først og fremst bli oppfatta som representant for Hjelmeland kommune. Det er forventa at tilsette og folkevalde opptrer på ein måte som ikkje kan skada omdømmet til kommunen, og at ein utviser økonomisk nøkternheit.

2.11 Openheit

Hjelmelandkommune skal gi offentlegheita meirinnsyn i den kommunale forvaltninga (Ksak 139/97). Kommunen har ei generell aktiv informasjonsplikt. Tilsette til kommunen skal alltid gi korrekte og tilstrekkelege opplysningar til innbyggjarar, organisasjonar, selskap og andre styresmakter.

2.12 Ytringsfridommen og retten tilsette har til å varsla

Tilsette til kommunen kan delta i samfunnsdebatten og gi uttrykk for sine meiningar, og dessutan uttala seg på eigne vegner.

Alle tilsette blir oppmoda til å varsla om kritikkverdige forhold. Å varsla er å seia frå om kritikkverdige forhold til nokon som kan gjera noko med det. Det er eit mål for Hjelmeland kommune at slike forhold blir avdekte og blir følgde opp.

Tilsette som opplever eller oppdagar kritikkverdige eller uetiske forhold skal melda dette vidare. Varsling av kritikkverdige forhold skal fortrinnsvis skje til næraste leiar eller leiars overordna. Andre måtar tilsette kan varsla på er til tillitsvalde, verneombod, varslingssekretariat eller tilsynsmakt. Ved varsel om kritikkverdige forhold knytt til ordføraren i kommunen, kommunedirektør og folkevalde skal varselet rettast til ekstern tilsynsmakt eller til det advokatfirmaet som Hjelmeland kommune til kvar tid nyttar.

Ein tilsett som varslar er verna mot gjengjelding frå verksemda (jf. AML § 2-5). Vernet mot gjengjelding gjeld så langt arbeidstakar sin framgangsmåte ved varsling er forsvarleg. 

2.13 Digitale kommunikasjonsverktøy og sosiale medium

Digitale kommunikasjonsverktøy må brukast med nødvendig medvit. Personsensitive og konfidensielle opplysningar må ikkje behandlast på ein måte som gjer dei tilgjengeleg for uvedkomande.

Folkevalde og tilsette skal i ytringar på internett og i sosiale medium sikre at det ikkje oppstår utydelegheit i forhold til rolleutøving. Viss ein får ein førespurnad av profesjonell karakter skal ein vidareformidla han til rette instans. Ein skal ikkje drive saksbehandling i sosiale medium.

Kvar folkevald og tilsett har eit individuelt ansvar for bruk av sosiale medium og digitale kommunikasjonsverktøy. Kollegaer, arbeidsmiljø og brukarar/ elevar/pasientar skal ikkje bli belasta som følgje av publiseringane og meldingane til den enkelte.

3. Avslutning

3.1 Brot på etisk reglement

Brot på etisk reglement kan i samsvar med arbeidsreglementet bli behandla som disiplinær reaksjon.

3.2 Tolkingar, tvist og implementering

Redaksjonelle endringar kan gjerast av kommunedirektøren. Representantane i kommunestyret med vara, utval, nemder og arbeidstakarar stadfestar med signatur for at det etiske reglementet til kommunen er lese og forstått.

Det etiske reglementet skal reviderast kvart fjerde år, etter val av nytt kommunestyret, første gong i 2028.