5 Areal- og forvaltningsutvalet
Heimel: kommuneloven § 5-7 annet ledd
Val og samansetting
Areal- og forvaltningsutvalet skal ha ni medlemer med rangerte varamedlemer for den einskilde liste. Medlemene og varamedlemene vert oppnemnde av kommunestyret på det konstituerande møtet etter kvart val. Medlemene skal fortrinnsvis vera medlem av kommunestyret. Kommunestyret vel leiar og nestleiar.
5.1 Ansvarsområde
AFU sitt arbeids- og ansvarsområde omfattar m.a.:
- Brann og brannvernsberedskap
- Arealforvaltningssaker etter jordlova, skogbrukslova og konsesjonslova
- Arealplanlegging
- Plan- og bygg - behandling av byggjesaker og reguleringsplanar og stadsutvikling
- Behandling av klagesaker på avslag om dispensasjonar m.v. (Dersom tidlegare vedtak vert oppretthalde vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd)
- Behandling av klager på reguleringsplanar (Dersom tidlegare vedtak vert oppretthalde vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Dersom klagene vert tekne til følgje, heilt eller delvis, vert desse oversendt til kommunestyret for endeleg handsaming)
- Klagehandsaming for alle andre saker etter særlov, som ikkje er lagt til anna organ
- Miljø, naturmangfald og forureining
- GEO-data
- Landbruk, under dette landbruks- og viltforvaltning
- Landskapsvern
- Trafikktryggleik
- Infrastruktur og mobilitet
- Havneforvaltning
- Uttalerett vedr. prioriterte investeringar i eigedomsforvaltninga innanfor ansvarsområdet frå utvalet (formålsbygg)
- Sal- og skjenkeløyve
5.2.1 Delegert mynde
AFU blir gitt generell myndigheit til å gjera vedtak i alle saker innanfor ansvarsområdet sitt i tråd med vedtekne plan- og budsjettrammer, så langt det ikkje kjem fram av lov eller forskrift at kommunestyret sjølv skal gjera vedtak i saka, eller kommunestyret har vedteke å leggja styresmakta til seg sjølv eller eit anna organ, jf. kommunelova § 5-7 andre ledd.
- Styresmakt i alle prinsipielle saker innanfor ansvarsområda til utvalet
- Særskild styresmakt innanfor m.a. følgjande lover:
- Beitelova §§ 12, 13 og 14
- Forurensningslova
§ 30 – myndigheit til å vedta forskrifter etter føresegna
§ 58 anna avsnitt – framme krav om erstatning pva. allmenta
§ 83 – delegera myndigheit til kommunale/interkommunale selskap - Konsesjonslova §§§ 5, 10 og 11 - Vurdering av/Vilkår for konsesjon
- Odelslova § 27 - Dispensasjon frå buplikt
- Jordlova §12 - Vedtak om deling av landbrukseigedom
- Naturskadelova §§ 20, 21, 22 23 og 24 - behandla og avgjera saker etter
naturskadelova - Plan – og bygningslova
§ 1-9 – behandla klagesaker av prinsipiell betydning
§ 11-17 – vedta mindre endringar i kommuneplan
§ 12-8 første og anna avsnitt – behandla planinitiativ (førespurnadssak og prinsippavklaringssak)
§ 12-9 – vedta om det skal fastsetjast planprogram
§ 12-11 – Vedta om privat reguleringsplan skal leggjast ut på høyring
§ 12-12 andre avsnitt – vedta mindre reguleringsplan
§ 14-2 –vedta å leggja konsekvensutgreiing ut på høyring - Skogbrukslova § 7 – løyve til vegbygging i skog
-
- Alkohollova
§ 1-7 – skjenkeløyve
§ 1-7 a – skjønnsutøving ved skjenkeløyve
§ 1-8 – inndraging av sals- og skjenkjeløyve utover standard inndraging etter lova
§ 1-16 – Behandla klagesaker i første instans der AFU har gjort vedtak i saka
§ 4-2 første, anna og fjerde avsnitt – omfanget for løyvet - Alkoholforskriften
§ 9-8 – fastsetja retningslinjer for kontroll
§ 10-4 – vedta fleire eller færre prikkar og inndraging av løyve
Oppdatert detaljoversikt over føresegner og særlover utvalet har vedtaks for skal komma fram av KF Delegering.
5.2.2 Innstillingsrett
I saker der areal- og forvaltningsutvalet ikkje sjølv har avgjerdsmakt, innstiller AFU til kommunestyret i alle saker, med mindre anna følgjer av lov eller forskrift, eller kommunestyret sjølv har bestemt noko anna.
For kommuneplanen sin arealdel gir areal- og forvaltningsutvalet tilråding til formannskapet.
5.2.3 Rett til vidaredelegering
Areal- og forvaltningsutvalet kan gi arbeidsutval dei sjølv har utnemnt mynde til å gjera vedtak i saker som ikkje har prinsipiell betydning.
AFU kan delegera vidare makta si til å gjera vedtak i enkeltsaker og type saker som ikkje har prinsipiell betydning til hovudutval, ordførar og kommunedirektøren.