Delegeringsreglement

6 Ordførar

Heimel: Kommuneloven § 6-1 fjerde avsnitt.

6.1 Ansvarsområde

Ordførars arbeids- og ansvarsområde omfattar m.a.:  

  • Leia møte i kommunestyret, formannskapet og administrasjonsutvalet
  • Fastsetja dagsorden og kalla inn til møter i kommunestyret, formannskapet og administrasjonsutvalet
  • Møte-, tale- og forslagsrett i alle kommunale folkevalde organ. I kontrollutvalet har ordførar møte- og talerett
  • Ordførar har stemmerett i organ der vedkommande er valt inn som medlem
  • Ordførar skal representera kommunen i diverse organ, der ingen andre er valt inn i staden
  • Ordføraren skal vera bindeledd mellom folkevalde organ og administrasjonen, herunder ivareta styringsrolla og vera kommunen sitt ansikt utad (Pressekontakt, informasjon marknadsføring, kontakt med interkommunale, fylkeskommunale og statlege organ)
  • Ordføraren skal arbeide for å ivareta kommunen sine spesielle interesser overfor fylkeskommunen og statlege instansar 
  • Ordføraren er rettsleg representant for kommunen og underskriv på dennes vegner i alle tilfelle der myndigheit til å representera og underskriva for kommunen ikkje er tildelt andre
  • Vigslar på vegner av kommunestyret
  • Leiar av krisestaben til kommunen. Ordføraren skal saman med kommunedirektøren leia kommunen sitt sivile beredskapsarbeid og kan i ein beredskapssituasjon rekvirera naudsynte ressurser (både økonomiske og andre)
  • Å avgjera fritakssøknader frå folkevalde
  • Som del av Løns- og forhandlingsutvalet ha årleg medarbeidarsamtale med kommunedirektøren

 

Varaordførar

I tilfelle der ordførar er forhindra frå å fungera i vervet, eller sjølv har gjort det klart at vedkommande ikkje kan fungera for ei viss tid, trer varaordførar inn i staden til ordføraren.

Dersom ordførar trer mellombels ut av vervet, og fråværet ikkje er, eller er forventa å bli kortvarig, skal kommunestyret velja ein mellombels setjevaraordførar som fungerer i varaordførars stad.

6.2 Mynde

6.2.1 Delegert mynde

Ordførar blir gitt generell myndigheit til å gjera vedtak i alle saker innanfor ansvarsområdet sitt som ikkje er prinsipielle i tråd med vedtekne plan- og budsjettrammer, så langt det ikkje kjem fram av lov eller forskrift at kommunestyret sjølv skal gjera vedtak i saka, eller kommunestyret har vedteke å leggja myndet til seg sjølv eller eit anna organ, jf. kommunelova § 5-6 siste ledd. Dette omfattar mellom anna følgjande mynde:

  1. Styresmakt i saker innanfor ansvarsområda definert under pkt. 6.1
  2. Myndigheit til å gjera vedtak i saker, også prinsipielle, som skulle vore avgjort av formannskapet eller eit hovudutval, når det er nødvendig å gjera eit vedtak så raskt at det ikkje er tid eller høve til å kalla inn det organet som skulle ha avgjort saka, innafor ei ramme på kr 2000 000 jf. kommunelova §11-8 første ledd. Vedtaket skal fattast etter innstilling frå kommunedirektøren. Melding om hastevedtak skal leggjast fram i det neste møtet i det organet som skulle ha avgjort saka. 
    Avgjerder som vil medføra store økonomiske forpliktingar for kommunen skal, så langt det er mogleg, blir godkjent av formannskapet.
  3. I periodar der formannskap eller hovudutval ikkje har møte (sommar- og juleferie) blir gitt ordførar styresmakt i til å gjera vedtak i alle saker som ikkje er av prinsipiell betydning og som kunne vore fatta av formannskapet eller eit hovudutval, når det er nødvendig å gjera eit vedtak raskt innafor ei ramme på kr 200 000. Ein føresetnad er at saka blir rekna så kurant at det ikkje er nødvendig å kalla inn det organet som skulle ha avgjort saka. Vedtaket skal fattast etter innstilling frå kommunedirektøren. Gruppeleiarane blir informerte på e-post så snart som mogleg dersom ordførar har nytta seg av fullmakta. Melding om vedtak skal også leggjast fram i det neste møtet i det organet som skulle ha avgjort saka.
  4. Myndigheit til å avgjera tolkingsspørsmål i tilknyting til saksbehandlings- og delegeringsreglementet og kva som skal reknast som prinsipielle saker og saker «av stor betydning» innanfor dei rammene som blir fastsette av kommunestyret gjennom delegeringsreglementet og andre vedtak. Der ordførar avgjer at ei sak ikkje er prinsipiell eller ikkje er «av stor betydning» skal det organet som eventuelt skulle fått saka til behandling orienterast om avgjerda.
  5. Myndigheit til å avgjera kva organ som skal behandla ei sak dersom ho berører fleire organs ansvarsområde. Ordførar skal vedta at saka skal avgjerast av formannskapet eller av eitt hovudutval. Vidare kan ordførar avgjera at saka før behandling i det vedtekne organet først skal til uttale i eitt eller fleire andre utval. Før slik avgjerd blir teke bør ordførar diskutera saka med ramma utvalsleiarar.
  6. Ordføraren representerer kommunen og kommunen sine eigarinteresser i selskap i dei tilfelle der andre tillitsvalde ikkje er utpeika av kommunestyret
  7. Ordføraren vert i medhald av kommunelova § 6-1 gitt mynde til å treffe avgjersler i dei tilfelle kommunedirektøren er inhabil etter Forvaltningslova § 6.
  8. Ordføraren får mynde til å innvilga tidsavgrensa permisjon frå politiske verv i inntil 1 år
  9. Ordføraren vert gitt mynde til å innvilga søknadar om tilskot og støtte til ideelle og humanitære organisasjonar i den utstrekning desse ikkje kjem inn under andre støtteordningar innafor andre budsjettpostar. Støtte kan gis for kvart enkelt føremål og innafor årleg budsjettramme. Slike saker vert referert i formannskapet.
  10. Særskild styresmakt innanfor m.a. følgjande lover:
    Domstolloven § 191 - rett til å få forkynningar 
    Tvisteloven § 2-5 – avløysaren til kommunen i rettstvistar
    Ekteskapsloven § 12 – vigselsrett på vegner av kommunen
    Kommuneloven § 11-8 første avsnitt (sjå over)
    Tinglysingsloven § 13 – rett til å underskriva dokument som skal tinglysast på kommunens vegner

 

Oppdatert detaljoversikt over føresegner og særlover der ordførar har vedtaksstyresmakt skal komma fram av KF Delegering.

6.2.2 Rett til vidaredelegering

Ordførar kan delegera vidare makta si til å gjera vedtak i enkeltsaker og type saker som ikkje har prinsipiell betydning til kommunedirektøren.