Delegeringsreglement
2 Overordna prinsipp for delegering - Kommuenstyret som øvste styresmakt
2.1 Kommunestyret
Val og samansetting
Kommunestyret består av 19 medlemer med varamedlemer. Kommunestyre blir valt etter reglane i vallova. Valet gjeld for den 4-årige kommunale valperioden, jf. kommunelova § 7-1 om konstituering.
Uttreden og fritak skal gjennomførast i samsvar med kommunelova § 7-9
Opprykk og nyval går føre seg i samsvar med kommunelova § 7-10
Kommunestyret er øvste styresmakt
Kommunestyret er det øvste besluttande organet, med overordna ansvar for heile kommuneverksemda. Kommunestyret delegerer makta si gjennom dette reglementet.
Følgjande saker skal behandlast av kommunestyret sjølv:
- Saker der det i kommunelova eller særlover ligg til «kommunestyret sjølv» å gjera vedtak, og der denne styresmakta etter lova derfor ikkje kan delegerast - sjå fullstendig oversikt i KF Delegering
- Delegering av styresmakta til kommunestyret.
- Avgjerder av stor betydning, under dette dei viktigaste avgjerdene av organisatorisk og økonomisk karakter.
Kva saker som er ein «viktig avgjerd» må vurderast ut frå karakteren i saka og særleg kva konsekvensar / verknader saka kan få for kommunen i dag og i framtida. I den grad kommunedirektøren er i tvil om ei sak vil medføra ein «viktig avgjerd» skal kommunedirektøren rådføra seg ved å leggja saka fram for ordførar, jf. pkt. 5.2.1 bokstav d.
2.2 Prinsippet om maksimal delegering
I Hjelmeland kommune gjeld prinsippet om maksimal delegering. Det betyr at mynde blir delegert til lågaste nivå innanfor ramma av lovverket, så framt kommunestyret ikkje har vedteke noko anna.
2.3 Avgjerder som skal behandlast av folkevalt organ
Alle prinsipielle saker skal behandlast av folkevalt organ.
Avgjerd om å endra, oppheva eller gjera om vedtak som er fatta i folkevalde organ skal behandlast av det folkevalde organet som har fatta det opphavlege vedtaket eller overordna organ.
2.4 Prinsipiell / ikkje prinsipiell sak
Kva saker som er av prinsipiell betydning må vurderast ut frå karakteren i saka og moglege konsekvensar / verknader, og ut frå i kva utstrekking viktige relevante og skjønnsmessige sider er klarlagde gjennom vedtak i folkevalt organ, instruksar eller tidlegare praksis.
Prinsipielle avgjerder gir kommande liknande saker eit ikkje-prinsipielt utgangspunkt. Med «liknande» siktar ein til at saksområdet og faktiske forhold gir grunnlag for å behandla sakene på lik måte
I den grad kommunedirektøren er i tvil om ei sak er av prinsipiell betydning skal kommunedirektøren rådføra seg ved å leggja saka fram for ordførar, jf. pkt. 5.2.1 bokstav d.
2.5 Betydninga av delegert mynde
Organet som delegerer gir ikkje frå seg si eiga styresmakt, men gir den i tillegg til nokre andre. Det delegerande organet kan gi instruksar og retningslinjer for utøvinga av den delegerte styresmakta, og kan når som helst trekkja delegasjonen tilbake.
Det organet som har fått delegert mynde, kan overlata til overordna organ å treffa avgjerd i saker der dette blir vurdert som føremålstenleg.
Sjølv om avgjerdsmakta er delegert, kan kommunestyret eller eit overordna organ innanfor ansvarsområdet sitt, og før saka er behandla av det underordna organet, krevja å få behandla alle saker som er delegert til det underordna organet, uavhengig av kven som har delegert myndet.
Etter at eit underordna organ har gjort vedtak kan overordna organ av eige tiltak gjera om eit underordna organ sitt vedtak, med dei avgrensingane som følgjer av forvaltningslova § 35
2.6 Klage på enkeltvedtak
Klage over enkeltvedtak treft av kommunestyret blir avgjord av Statsforvaltaren, eller anna statleg forvaltningsorgan der det er bestemt i lov.
Klagenemnda til kommunen er klageinstans der administrasjonen eller anna folkevalt organ enn kommunestyret har treft enkeltvedtak, og det ikkje følgjer av særlov at eit anna statleg forvaltningsorgan er klageinstans.
Det organet som har fatta enkeltvedtaket det blir klaga over (vedtaksorganet), skal først sjølv ta stilling til klaga (førebuande klagebehandling), jf. forvaltningslova § 33. Administrasjonen gjennomfører førebuande klagebehandling i saker der administrasjonen er vedtaksorgan. Vedtaksorganet skal gjennomføra dei undersøkingane klaga gir grunn til, og kan oppheva eller endra vedtaket dersom det finn grunnlag for å ta klaga til følgje.
Blir klaga på vedtak som skal behandlast av klagenemnda til kommunen ikkje teke til følgje av vedtaksorganet, blir saka send til førebuing for klagenemnda i tråd med rettsinstruksen.
Blir klaga på vedtak som skal behandlast av Statleg forvaltningsorgan ikkje teke til følgje av vedtaksorganet sender vedtaksorganet saka direkte til overordna statleg klageorgan (som regel Statsforvaltaren), med mindre anna er fastsett i dette reglementet.
2.7 Mindretallsanke
I saker der formannskapet eller eit hovudutval har fått delegert mynde frå kommunestyret, blir denne styresmakta avgrensa ved at minst to medlem/varamedlem av organet som var med på å behandla ei sak, ordførar, eller kommunedirektøren, kan krevja at vedtaket blir lagt fram for næraste kommunestyre, så framt særlov ikkje er til hinder for det.
Behandlinga og vedtaket til det underliggjande organet blir då sett til side og følgjer ikkje saka til overordna organ. Mindretalsanke er dermed ikkje ei klage eller ein anke, men ei utsetjing og overføring av saka til eit overordna organ slik at vedtak i saka først ligg føre ved avgjerda til det overordna organet. I saksbehandlingsreglementet blir det angitt nærare rammer for bruk av mindretalsanke.