8 Valstyret
Heimel: kommunelovens § 5-1 bokstav k, jf. valgloven § § 4-1, jf. forskrift om valg til Sametinget § 17 første ledd.
8.1 Ansvarsområde
Valstyret blir utnemnt for ei særskild oppgåve, å gjennomføra valet innanfor perioden 1.7. – tom to dagar etter valdagen. I tillegg kan eit valstyre få tildelt oppgåver i samband med folkeavstemmingar.
I Hjelmeland kommune er formannskapet vald som valstyre.
Valstyret / samevalstyret trer saman ved gjennomføring av stortings- og sametingsvalet, som blir gjennomført kvart fjerde år. I tillegg trer valstyret saman ved gjennomføring av kommune- og fylkestingsvalet som blir gjennomført kvart fjerde år, men to år etter stortings- og sametingsvalet.
Valstyret har det overordna ansvaret for den formelle og praktiske tilrettelegginga og gjennomføring av stortings- og sametingsval, kommunestyreval og folkeavstemmingar, og er ansvarleg for at alle valgjennomføringane blir effektuerte og legg til rette på ein sikker og tillitsvekkjande demokratisk måte. Valstyret skal ta stilling til organiseringa og arbeidsdelinga mellom valstyret og administrasjonen i valgjennomføringa.
Oppgåvene til valstyret omfattar m.a.:
Listeforslag
- Vedta frist for å søkja fritak frå listeforslag.
- Godkjenna listeforslag ved stortingsval og kommunestyreval.
- Leggja ut godkjende listeforslag til offentleg ettersyn.
Manntal
- Vedta frist for å krevja eit eksemplar av manntalet.
- Leggja ut manntalet til offentleg ettersyn.
- Føre inn veljarar og gjera rettingar i manntalet.
Stemmesetlar
- Vedta frist for partia å krevja eit tal stemmesetlar.
- Trykkja stemmesetlar til val.
Stemmegiving
- Vedta inndelinga av røystekrinsane i kommunen.
- Avgjera kvar og når stemmegivinga skal gå føre seg ved førehandsstemmegivinga og på valdagen(e).
- Utnemna røystestyre ved alle røystestader.
- Utnemna røystemottakarar ved alle førehandsstader.
- Vedta frist for å søkja om stemmegiving heime.
Valoppgjer
- Vedta oppteljingsmåten i valgjennomføringa.
- Prøve og godkjenna stemmegivingar.
- Behandle forkastingar.
- Føre protokoll i samband med førebuing og gjennomføring av val.
- Gjennomføre valoppgjer og fordela representantplassar til kandidatane på lista.
- Behandla klager ved vala.
8.2.1 Delegert mynde
Valstyret blir gitt mynde i alle saker innafor dei ansvarsområda definert over. I tillegg har valstyret følgjande delegerte myndigheit:
All delegert myndigheit innafor vallova, valforskrifta og forskrift om val til Sametinget unnateke vallova §§ 4-1 og 9-2 anna ledd, jf. forskrift om val til Sametinget § 17 kvar kommunestyret sjølv skal fatte vedtak.
Oppdatert detaljoversikt over avgjerder og særlover der ordførar har vedtaksmynde skal komma fram av KF Delegering.
8.2.2 Innstillingsrett
Valstyret innstiller direkte til kommunestyret i følgjande saker:
- avgjerd om at det skal haldast to valdagar
- godkjenning av kommunestyrevalet
- søknadar / deltaking i forsøk i samband med valgjennomføringa
8.2.3 Rett til vidaredelegering
Valstyret kan gi leiar for valstyret eller kommunedirektøren myndigheit til å gjera vedtak i saker som ikkje har prinsipiell betydning.