1 Innleiing
Delegeringsreglementet viser samla delegert mynde og innstillingsrett som er lagt til folkevalde organ og kommunedirektøren.
Delegeringsreglementet må sjåast i samanheng med møtereglementet. Desse dokumenta supplerer og utfyller kvarandre. Føresegner i kommunelova, forvaltningslova, offentleglova, arkivlova og andre lover gjeld også for folkevalde organ si verksemd.
Hjelmeland kommune sitt delegeringsreglement skal utgjera det settet av reglar som avklarer ansvars- og myndefordeling mellom dei ulike folkevalde organa og forholdet mellom kommunestyret og administrasjonen, og dessutan krav til rapportering.
Føremålet med å delegera styresmakt i kommunen er overføring av avgjerdsmynde og klar ansvarsfordeling for å sikra både rettstryggleik og rasjonell og effektiv saksbehandling. Med dette blir grunnlaget lagt for ei føremålstenleg folkevald styring av Hjelmeland kommune.