Delegeringsreglement

9 Kontrollutvalet

Heimel: Kommunelova § 23 

Val og samansetting

Kommunestyret vel sjølv  leiar, nestleiar og andre medlemer og varamedlemer til utvalet. Leiaren kan ikkje vera medlem av same parti eller tilhøyra same gruppe som ordføraren. Utvalet skal ha minst fem medlemer. Minst eit medlem skal veljast blant medlemmene i kommunestyret.

Utvalet sin leiar har møte- og talerett i kommunestyret når utvalet sine saker blir behandla.

Kommunestyret kan når som helst foreta nyval av utvalet sine medlemer.

Ved utskifting av eitt eller fleire medlemer av utvalet, skal alle medlemer i utvalet veljast på nytt.

Sekretariatet skal vera uavhengig av kommuneadministrasjonen (kommunelova §23-7).
 

9.1 Ansvarsområde

Kontrollutvalet skal i samsvar med kommunelova §23-2 sjå til at:

  • rekneskapane til kommunen blir reviderte på ein trygg måte
  • det blir kontroll ført med at den økonomiske forvaltninga går føre seg i samsvar med gjeldande føresegner og vedtak
  • det blir forvaltningsrevisjon utført av kommuneverksemda, og av selskap kommunen har eigarinteresser i
  • det blir kontroll ført med forvaltninga av eigarinteressene frå kommunen i selskap m.v. (eigarskapskontroll)
  • vedtak som kommunestyret treffer ved behandlinga av revisjonsrapportar, blir følgt opp
     

9.2 Mynde

Kontrollutvalet vidare jf. kommunelova §§23-2, 23-3, 23-4 og 23-5:

  • Leiaren av kontrollutvalet har møte- og talerett i kommunestyret eller når sakene frå utvalet skal behandlast. Leiaren av utvalet kan la eitt av dei andre medlemmene i utvalet utøva denne retten på sine vegner
  • Kontrollutvalet kan krevja at kommunen eller fylkeskommunen legg fram alle opplysningar, forklaring eller dokument som utvalet finn nødvendig for å utføra oppgåvene sine
  • Kontrollutvalet kan også gjennomføra undersøkingar som det meiner er nødvendige. Teieplikt er ikkje til hinder for å gjennomføra kontrolltiltak etter dette leddet
  • Kontrollutvalet har rett til å vera til stades i lukka møte i folkevalde organ i kommunen. Kommunestyret kan sjølv bestemma at denne retten ikkje gjeld lukka møte i kommunestyret
  • Kontrollutvalet skal minst éin gong i valperioden, og seinast innan utgangen av året etter at kommunestyret er konstituert, utarbeida ein plan som viser på kva område det skal gjennomførast forvaltningsrevisjonar. Planen skal vedtakast av kommunestyret
  • Kontrollutvalet skal rapportera resultata av arbeidet sitt til kommunestyret

 

Gjennomføring av møte m.m.

Reglar for innkalling, melding om forfall, gjennomføring av møte, avrøysting, m.m. går fram av generelt møtereglement for styre, råd og utval i Hjelmeland kommune.

 

Generelle vilkår

For tilhøve vedkommande utvalet si verksemd som ikkje er særskilt nemnt i generelt møtereglement eller i dette reglementet, som t.d. ugildskap, teieplikt, rett til godtgjersle m.m., gjeld generelt utfyllande reglar og vilkår slik det går fram av lovar og føresegner, kommunale reglement m.m.